Stryn må vente til over jul

Det blir ingen handballkampar for seniorlag lågare enn 2. divisjon før jul.

Må vente: Stryn sitt damelag i 4. divisjon må vente enno ei stund før det kan bli aktuelt å spele kampar.   Foto: thomas thaule

Nyhende

Som følgje av koronapandemien blir dei første kampane i 2. divisjon handball tidlegast spelte i desember. I lågare divisjonar blir det ingen kampar i år. Det er konklusjonen etter at Norges Håndballforbund har gjort ei ny vurdering av sesongen for breiddehandballen basert på dei siste signala frå regjeringa rundt gjenopning av idretten.