– Flaumen i Utvik er eit døme på kva vi kan forvente oss meir av, også i Innvik

– Ein flaum i Innvik vil ha større konsekvensar enn flaumen i Utvik i 2017, seier professor ved NTNU i Trondheim, Oddbjørn Bruland.

Fryktar flaum i innvik: Professor Oddbjørn Bruland fryktar flaum i Innvik. Her ved Styrkhallen som vil vere eit kritisk punkt. – Elva kjem bratt ned her og vil legge frå seg mykje lausmassar. Spørsmålet då er om muringane langs elva vil halde eller kollapse, seier Bruland.  Foto: Thomas Thaule

Storelva i Innvik er ganske lik elva i Utvik, men den har eit større nedslagsfelt

Oddbjørn Bruland, professor ved NTNU i Trondheim
Nyhende

I eit foredrag ved Innvik Fjordhotel for ei og ei halv veke sidan fortalde han at det ikkje er eit spørsmål om det vil skje noko i Innvik, men når.