63 registrerte jervekull

Det er berekna å vere rundt 382 jerv i Norge.  Foto: Statens naturoppsyn

Nyhende

Det er i vår og sommar registrert 63 kull med jervekvalpar i Norge, ein oppgang på eitt kull frå i fjor, melder Rovdata.

– Det er registrert 58, 62 og 63 jervekull i landet dei tre siste åra. Bestanden har halde seg over det nasjonale bestandsmålet på 39 årlege jervekull, som Stortinget har bestemt. I år er det berekna å vere rundt 382 jerv i Norge, og det er ein oppgang på 48 individ, samanlikna med 2019 seier Jonas Kindberg, leiar i Rovdata.