Entusiastar frå fleire verdsdeler følgde digital ølfestival på direkten

Norsk Kornølfestival i Hornindal vart avlyst på grunn av koronapandemien. I staden vart det digital kornølfestival på nett. Det vart ein stor suksess med sjåarar frå fleire verdsdeler.

På direkten: Den digitale festivalen vart ekte «sakte-TV», der ein følgde bryggjeprosessane i Hornindal, Voss og Stjørdal på direkten. Her er Olav Sverre Gausemel og Lars Andreas Tomasgård i arbeid med brygginga, medan Stig Seljeset fortel om prosessen - på engelsk.   Foto: Norsk Kornølfestival, skjermdump

Nyhende

– Ja, dette gikk veldig bra. Vi hadde litt teknisk småplunder her og der, men det meste fungerte, og folk verkar veldig fornøgde, seier leiar for festivalen, Lars Marius Garshol.