Flott dag for psykisk helse - feira verdsdagen med korps og grilling på dagsturhytta

Mellom 40 og 50 personar var med på markeringa for Verdsdagen for psykisk helse ved Dagsturhytta i Hornindal.

Flott: Hornindal Musikkorps bidrog med feiande flott korpsmusikk og drill.   Foto: Hornindal Frivilligsentral

Nyhende

– Det er første gong vi held markering på denne måten. . På grunn av situasjonen med korona var det mykje av tidlegare aktivitetar som var vanskeleg å få til i år. Frivilligsentralen valde difor å lage eit utearrangement på Dagsturhytta, og fekk med barnehagane på dette, fortel dagleg leiar for Frilvilligsentralen i Hornindal, Kristine Sofie Orheim Hansen.