Gunn og Tor Jørgen fall for gråfe

Då Gunn Skrede og sambuar Tor Jørgen Haagensli overtok gard i 2017, var ønsket å finne ein nøysam og hardfør dyrerase som passa godt inn på eit vestlandsbruk. Då dei fann Tiroler Grauvieh, gråfe, var valet enkelt. – Vi fall pladask, seier Gunn.

Har alt: – Dette er kua som har alt! seier Gunn Skrede, som fall pladask for Tiroler Grauvieh, eller Gråfe, som har blitt det norske namnet på rasen. 

Det er dette vi vil: Utnytte ressursane til mest mogeleg rein mat.

Gunn Skrede og Tor Jørgen Haagensli Langeset Gard
Nyhende

Dersom du har køyrt rv. 15 forbi Langesethøgda, har du sikkert sett dei: Små, grå kyr og kalvar som beitar i bakkar og småskog. Tettbygde, med solide bein og ein utruleg sjarmerande pannelugg.