Hove (Ap) ville utsetje omstridd Skarsmyra-avtale:

– Eg får låkt i magen

Formannskapet godkjende avtalen mellom kommunen og Vinsrygg Eigedom som kan føre til ein halv million i bot. – Eg får låkt i magen, uttalte Haldor Hove (Ap) i saka.

Klage: Kommunen er klaga inn for KOFA med bakgrunn i godtgjersla dei har ytt Vinsrygg Eigedom for oppseiing av ei deponeringsavtale. Haldor Hove ville først utsetje då avtalen vart handsama i formannskapet, men stemde seinare for godkjenning. Endeleg vedtak skjer i kommunestyret. 

Nyhende

Formannskapet hadde til handsaming dei tre avtalane som er knytt til salet av næringsareal på Skarsmyra. Dei to kjøpsavtalane, mellom henhaldsvis kommunen og Vinsrygg Maskin og kommunen og Kveen AS, var i prinsippet vedtekne allereie i mai, og baud heller ikkje på diskusjon. Meir hovudbry er knytt til deponeringsavtalen kommunen har gjort med Vinsrygg Eigedom, sidan denne er av Kveen AS klaga inn for KOFA (Klagenemnda for offentlege anskaffingar).