LEIAR:

Første nødvendige steg mot utfasing av avgiftsfordelar

Elbil: Andelen elbilar på norske vegar er blitt så stor at avgiftssystemet ikkje lenger er berekraftig. Difor gjer regjeringa no eit første grep.  Foto: Bengt Flaten

Dei mange og omfattande avgiftsfordelane vil og må bli fasa ut, men berre stegvis og ikkje for raskt

Nyhende

Regjeringspartia har lagt fram forslag om at elbilistane skal betale trafikkforsikringsavgift komande år. Dette er den tidlegare årsavgifta som vart kravd inn på vårparten kvart år, men som no vert kravd inn av forsikringsselskapa. Regjeringa legg ikkje opp til å krevje like stor avgift frå elbileigarar som frå bensin- og dieselbilar, men ei avgift på 2.135 kroner pr år. Det er ein liten sum for kvar enkelt, men viktig for heilskapen i avgiftspolitikken. Som igjen handlar om å skaffe nok pengar til å finansiere bygging og vedlikehald av vegar.