1,6 millionar til lokale bedrifter:

Rekordtildeling frå det kommunale næringsfondet

Formannskapet har tildelt 1.629.000 kr frå det kommunale næringsfondet.

Fekk mest: Hydlaparken får 265.000 kr frå det kommunale næringsfondet til konseptutvikling, marknadsføring og ny klatreløype. Bak f.v.: drivar og kokk ved Hydlastova, Martin Sæther Arentz, og to av drivarane av Hydlaparken, Monica Beate Hesjedal og Rasmus Endre Bø. Framme instruktørane Vegard Vinsrygg Steen og Sindre Mulelid Hartvigsen.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Stryn kommune har hatt ein rekordstor næringsfond-pott til rådvelde i år.