Vaksine mot koronavirus blir gratis

Regjeringa har vedteke at vaksinen mot covid-19 skal vere gratis for heile befolkninga, seier helseminister Bent Høie (H).

Vaksine mot koronavirus blir gratis for alle. Det har regjeringa no bestemt.   Foto: Gunnhild Sindre (illustrasjonsfoto)

Nyhende

Høie orienterte tysdag Stortinget om status for koronasituasjonen i Noreg. Han understreka at regjeringa ønskjer at vaksinen blir tilgjengeleg for befolkninga så raskt som mogleg når den kjem.