Fluorforbodet blir utsett i langrenn og skiskyting - ikkje godt nok system til å avsløre juksarane

Det blir likevel ikkje forbod mot fluorsmurning i verdscupane i langrenn og skiskyting komande vinter. Det skal i staden innførast frå 2021/2022-sesongen.

Fluorforbodet blir utsett for Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø og resten av skiskyttarlandslaget.   Foto: Ragnar Singsaas

Nyhende

Dette vedtok dei internasjonale forbunda FIS og IBU fredag. Bakgrunnen er at testutstyret framleis ikkje er tilfredsstillande nok til å bli klart i tide til sesongopninga.