Kommunaldepartementet:

Kan ikkje love lågare arbeidsgjevaravgift

Ekornes Grodås: Ei av bedriftene i Hornindal som har lågare arbeidsgjevaravgift. For denne og andre verksemder er framleis differensiert arbeidsgjevaravgift viktig.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

I brev til Volda kommune skriv kommunaldepartementet at innspel om lågare arbeidsgjevaravgift vert teke med i vidare handsaming av saka. – Differensiert avgift er blant dei beste virkemidla i dag. Men sjølv om retningslinjene skulle bli endra, kan ikkje departementet love lågare arbeidsgjevaravgift i gamle Hornindal kommune, skriv departementet.