BKK med folkegåve til dagsturhyttene:

- Vil bruke pengegåve til betre sti

BKK, Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap, er 100 år i år, og gir 3 millionar kroner i folkegåve til utbetring ved dagsturhyttene.

Dagsturhytta i Hornindal: Rundt 100 glade personar møtte til opning av dagsturhytta i Hornindal for snart eitt år sidan. No kan det bli pengar til å forbetre stien til hytta.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

BKK har latt seg imponere av dei 26 dagsturhyttene i like mange kommunar i Sogn og Fjordane. Gåva deira på 50.000 kroner pr. hytte, skal brukast til solcelleanlegg ved dagsturhyttene i Sogn og Fjordane og i hytter som er under bygging i Vestland. Dei hyttene som allereie har slike anlegg, kan bruke folke-gåva til ytterlegare oppgradering av dagsturhyttene, området rundt eller til betring av stien til dagsturhyttene.