Køyretøy vart avskilta

Statens vegvesen avskilta eit køyretøy i ein kontroll ved Kjøs bru onsdag. Det vart også skrive ut fire bruksforbod.

Kontroll ved Kjøs bru: Illustrasjonsbilde.  Foto: bengt flaten (arkiv)

Nyhende

Av kontrollrapporten går det fram at ein førar hadde sikra lasta for dårleg, og ein førar måtte rydde i siktsona.

Vidare måtte ein førar setje frå seg konteinaren då køyretøyet ikkje tilfredsstilte kravet til underkøyringshinder.

Eitt køyretøy var ikkje tilstrekkeleg merkt for brei last, og forholdet måtte rettast før vidare køyring.

Eitt køyretøy vart også avskilta på grunn av tekniske manglar som ikkje var retta innan fristen.

I alt 97 køyretøy var innom kontrollplassen, og 24 av dei vart kontrollerte nærare.