Gangveg cruisekaia i Olden

Millionutlegg men ingen avtalar

Stryn kommune har truleg passert millionen i advokatutgifter, men ingen avtalar er enno landa når det gjeld grunnerverv til gangveg frå cruisekaia og til cruiseparken i Olden.

Uavklart: Trass mange møter og høge utlegg til advokatar er det enno ikkje landa avtalar som sikrar bygging av gangvegen frå cruisekaia og til cruiseparken i Olden.   Foto: Bengt Flaten

Sjølv om det ligg ei avtale på bordet, så er det ikkje sagt at dei nødvendigvis er samde med alle punkt i avtalen

Geirmund Dvergsdal
Nyhende

Utskrifter Fjordingen har fått viser at Stryn kommune i perioden 5. mars til 11. september brukte nær 900.000 kroner på advokatar i samband med forhandlingar om grunn til gangveg frå cruisekaia i Olden. Dette til advokatbyråa Folkman, Glittertind, Tollefsen og Harris. Sistnemnde representerer kommunen og har åleine fakturert over 350.000 kr. Dei tre andre representerer dei ulike partane som det vert forhandla med.