Driv bok- og interiørbutikk og klesbutikk «mot straumen»:

100 år gammal butikk blomstrar i Hornindal

Ein 16-åring som vart sjuk og ikkje kunne gå. Det kunne blitt ei trist historie. I staden vart det litt av eit gründereventyr. Butikken han starta er no 100 år, og har blitt til ein spennande og levedyktig liten handelsoase i Hornindal.

Oase: Butikkane Lødemel Bok & Interiør og PeBe Klær heng framleis saman med opa dør imellom. Ute har May-Helen Lødemel Flaten t.v. og Elisabeth Gamlem Lødemel skapt ein liten oase i gatebildet, med sitjegrupper og fargerike planter.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Fleire som besøkjer Grodås kommenterer at her er overraskande mange butikkar, ut frå folketalet i ei relativt lita bygd.