LEIAR:

Felles kamp mot plast i havet

TV-aksjon: - Det blir TV-aksjon i år også, seier aksjonsleiar i Stryn, Torstein Tvinnereim. Men no finn du alle bøssene på nett.  Foto: Gunnhild Sindre

Opprydding kombinert med endra vaner er viktig for at komande generasjonar skal kunne leve på jorda

Nyhende

TV-aksjonen har lange og gode tradisjonar i Norge, der folk og bedrifter kvart år gir pengar til gode formål. Årets aksjon er øyremerka arbeidet med å bekjempe plast i havet. Kvart år hamner rundt 80 millionar tonn plast i havet. Dette er i første omgang eit stort problem for dyrelivet, men og for oss menneske.