Grendadalen:

Grunneigarlaget rustar opp vegen

Lødemel og Gausemel Grunneigarlag er i desse dagar i ferd med å forsterke 6-700 meter veg i Grendadalen.

Nytt berelag: Ei strekning på 6-700 meter av vegen i Grendadalen får i desse dagar nytt berelag av pukk og deretter grus. Lødemel og Gausemel Grunneigarlag står bak utbetringa. Vidar Gausemel i gravemaskina.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Ved brua nedanfor Lisjedalskrysset var brukaret skadd og vegen i ferd med å rase ut. Det var det mest prekære, og er no ordna, fortel Vidar Gausemel. Men også vegbana har lidd under forfall, og var moden for opprusting.