I helga kan det bli snø

Illustrasjonsbilde.  Foto: Arkiv

Nyhende

Meteorologisk institutt melder at det er fare for snø heilt ned til 200 meter i løpet av helga.

Frå laurdag kveld er det venta snø over 400-600 meter i Indre Sunnfjord, Nordfjord og Møre og Romsdal. Søndag er det venta snø over 200-500 meter.

Det kan bli lokalt vanskelege køyreforhold, og det vert anbefalt å bruke vinterdekk melder Meteorologisk institutt.