Stort straumforbruk på hytter skaper nettrøbbel

Moderne hytter med betre komfort har ført til at straumforbruket i mange hyttefelt har gått til vers. No blir det sett på nye løysingar for å forbetre straumnettet i hytteområde.

Illustrasjon 

Nyhende

– Kravet til komfort har auka. Før var folk nøgde om dei hadde TV og eit kjøleskap. Slik er det ikkje lenger, seier Eirik Øie, prosjektingeniør i nettselskapet Elvia til NRK.

Utviklinga skaper fleire stader problem for straumnettet som ikkje er bygd for så stort forbruk, fortel kanalen. For å prøve og løyse dette har nettselskapet Elvia i haust sett i gang eit forsøksprosjekt på Sjusjøen der dei testar ut det går an å kopla batteri til straumnettet for avlasta nettet.

– Tanken er at vi kan bruke batteri til å ta unna toppane, framfor å byggje ut heile nettet i eit område, seier Øie.

Forsøket har fått støtte både frå Innovasjon Norge og Enova. Frå Enova si side blir det peikt på at behovet for straum berre vil auke i åra framover, og at det er viktig å teste ut løysingar som heile samfunnet kan ha nytte av.

(©NPK)