#Stryn2040:

– Kvifor skal vi flytte tilbake til Stryn om 20 år?

– Kva skal til for at vi flyttar tilbake til Stryn kommune om 20 år? Det er eitt av spørsmåla som tre 10. klassingar frå Olden ungdomsskule har prøvd å finne svaret på.

#Stryn2040: Elevar frå 10. klasse i Olden har hatt arbeidsveke ved Stryn næringshage. Eit av spørsmåla dei har stilt seg er kva som skal til for at dei flyttar tilbake til Stryn om 20 år. Frå venstre Lieke Winkelhorst, Else Jenny Staalnacke frå næringshagen, Berit Gjerde og Verona Grov Kämpf.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Denne veka har elevar frå Olden hatt arbeidsveke, og 15-åringane Verona Grov Kämpf frå Loen, Berit Gjerde frå Innvik og Lieke Winkelhorst frå Utvik har hatt Stryn Næringshage som sin arbeidsstad.