Kåra til dei beste miljøklassane

Elevane i 2CD og 5CD synest det var stor stas å få heider og pokal for å vere beste miljøklassar ved Tonning skule.

Satsar på miljø og kjeldesortering : 5CD ved Tonning skule sikra seg miljøpokalen for storskulen, sidan dei har vore veldig gode på å sortere søppel og halde orden i klassen sin.   Foto: Tonning skule

Nyhende

Dette er ein del av miljøsatsinga ved skulen, og Stryn kommune har sett stort fokus på berekraftig utvikling dette året. Tonning har valt å arbeide med å legge ekstra fokus på kjeldesortering. Alle klasserom sorterer matavfall, plast, papir og restavfall.