Måtte stoppe dryppande fisketranport

To fekk skriftlege manglar då Statens vegvesen gjennomførte kontroll i samarbeid med Arbeidstilsynet ved Kjøs fredag.

Illustrasjon 

Nyhende

Eit vogntog som var lasta med fersk fisk fekk køyreforbod, fordi det var avrenning frå lasta. Han måtte stå på kontrollstasjonen til det slutta å renne frå lasta, før han kunne køyre vidare.

Ein lastebil fekk køyreforbod fordi han ikkje hadde underkøyringshinder som tilfredstillte krava. Han måtte utbetre dette før han kunne køyre vidare.

Ein lastebilsjåfør måtte korte inn vogntoget fordi dette var lenger en det vegen tillet.

Ein bileigar fekk mangellapp fordi underkøyringshinderet var skada, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Totalt vart 49 tungbilar og 5 lettbilar vart undersøkt i kontrollen.

Arbeidstilsynet kontrollerte arbeidstider og lønn. Dei hadde nokre anmerkningar på mellom anna overtidsbetaling og arbeidstider.