Var redde dei måtte selje - no vert det satsa friskt i Huset Vårt

Huset Vårt i Hornindal har fått ny driftsgruppe. No vert det satsa friskt i den særprega, gamle bygningen.

Veldig gledeleg: Gry Elverum (t.v.) og resten av driftsgruppa er godt i gang med å drive Huset Vårt i Hornindal vidare. – Veldig gledeleg! seier Kjell Nilsen og Margunn Kathrin Haugen frå pro forma-styret.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

For nokre veker sidan gjekk pro forma-styret ut og fortalde at det var vanskeleg å få folk til å engasjerer seg i huset og gjere ein innsats. I verste fall såg dei føre seg at ein måtte kalle inn til allmøte og legge huset ut for sal.