Fjordingen for 25 år sidan: Hornindal med to lag i 2. divisjon

Klare: Veteranane f.v. Per Øen, Knut Sollid, Bjørn Lødemel og Knut Lunde.  Foto: Faksimile

Nyhende

Frå Fjordingen-arkivet: Hornindal stiller i år med to lag i 2. divisjon volleyball, herrar. – To lag var mogeleg etter at Jølster trekte seg, og det er ikkje tvil om at det er ein styrke. Skulle eine laget rykke opp, betyr det at alle spelarane har fått spele på eit bruktbart nivå, seier spelande trenar Per Øen, som legg til at han rett og slett blir skuffa om ikkje det eine laget vinn serien. Dei fleste gamlegutane held framleis koken. Ny i stallen er Endre Haugen. Roy Ove Espe er også tilbake.