Nordsida skule og barnehage

Vann nasjonal klimapris

- Vi er kjempestolte over dette, seier rektor ved Nordsida skule som i fleire år har satsa på friluftsliv og berekraftig utvikling med både kompostering og sortering. No fekk dei nasjonal pris for arbeidet sitt.

Vann klimaprisen: Tysdag vart Utdanningsforbundet sin årvisse pris delt ut til Nordsida skule og barnehage for sitt miljøengasjement. Utdanningsforbundet sin fylkesleiar Steinar Strømsli hadde gleda av å overrekke prisen.   Foto: Roger Oldeide

At born har fokus på miljø og klima er stadig viktigare med dei klimautfordringane vi har i verda

Nyhende

Det var nok mange elevar og born ved Nordsida skule og barnehage som undra seg over kvifor flagget var oppe og at alle skulle samlast ute på fotballbana tysdag morgon. Rektor ved skulen, Sissel Svarstad fortel det har vore vanskeleg å halde den hyggelege nyheita hemmeleg dei siste dagane. Den samlokaliserte skulen og barnehagen, med nesten 40 elevar og 17 barnehageborn, vann nemleg Utdanningsforbundet sin årvisse og nasjonale klimapris på 50.000 kroner.