LEIAR:

Klimapris til unge og gode føredøme

VANN KLIMAPRISEN: Tysdag vart Utdanningsforbundet sin årvisse pris delt ut til Nordsida skule og barnehage for sitt miljøengasjement. Utdanningsforbundet sin fylkesleiar Steinar Strømsli hadde gleda av å overrekke prisen. Alle barnehagar, skular og lærarutdanningsinstitusjonar kan søke om prisen som i tillegg til heider og ære er på kr 50.000.  Foto: Roger Oldeide

Vi som lever i dag har jorda til lån berre ei stund, før neste generasjon tek over

Nyhende

I Nordsida skule og barnehage i Stryn lærer ikkje barna berre å sortere avfall, men også kvifor dei skal gjere det. Kompostering og sortering, satsing på friluftsliv og eigen kjøkkenhage med bær og grønsaker har vore kvardagen til borna ved Nordsida skule og barnehage i fleire år. Denne veka vart born og tilsette heidra med nasjonal pris for arbeidet sitt.