Meir nynorsk i den kulturelle skulesekken

Eit heilt nytt prosjekt skal få fleire nynorske kunst- og kulturproduksjonar inn i Den kulturelle skulesekken (DKS).

Den kulturelle skulesekken med framsyning om Munch for elevane på Olden skule i 2007.   Foto: Sigrid Heggestad / Arkiv/ Illustrasjon

Nyhende

Utøvarar, produsentar og formidlarar av kunst og kultur kan søkje om å bli med i nynorskprosjektet til Kulturtanken .

Vilkåret er at dei har nynorsk som arbeidsspråk for produksjonen sin. Ein jury vel ut fire til seks prosjekt, som får støtte og hjelp til å jobbe vidare med prosjektet sitt saman med Seanse, senter for kunstproduksjon i Volda, fortel Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

Målet er å auke mengda prosjekt der nynorsk vert opplevd som relevant for alle elevar, både dei som har nynorsk som hovudmål og som sidemål.

Prosjektet er eit resultat av at Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2018 utfordra Kulturtanken på å gjere noko med at det store fleirtalet av DKS-produksjonane er på bokmål. Av dei 2.430 forslaga som har kome inn til skuleåret 2021/22, er 207 på nynorsk.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Kulturtanken, Vestland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.(©NPK)