Ingebjørg Bratland på Hoven:

Folkemusikaren med den store stemma

- Vi kunne høyrt på ho ein time til minst, for ei dame og for ein konsert, sa publikumarar

Friarar: - Har hatt ein del friarar på konsertturneane mine. Ein sørlending lurte på om han kunne freiste meg med 500 sauer og fire traktorar på garden  Foto: Berit Melheim

Nyhende

-Endeleg vart det konsert på Hoven, sa Ingebjørg Bratland til eit feststemt publikum i ein fullsett restaurant. I frå første akkord stilna praten rundt borda og ein kunne nesten høyre den berømte knappenåla falle mot golvet.