- Søk om tilskot til kulturminne i Vestland

Fylkeskommunen skal bidra til å ta vare på både den nasjonale og regionale kulturarven i fylket. No kan ein søke om tilskot til å restaurere og setje i stand freda og verneverdige kulturminne.

Leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland fylke, Stian Davies. Her saman med partikollega i Ap, Sandra Tenud.  Foto: Presse

Nyhende

– Vestland fylkeskommune har god oversikt over regionale og nasjonale kulturminne i fylket. Vi har tett kontakt med både kommunar og private eigarar, noko som vil gjere at vi kan sjå tilskotsordningane i samanheng. Eg trur vi vil sjå god effekt av at det no er fylkeskommunen som forvaltar og fordelar desse tilskota, seier Stian Davies, som er leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering i ei pressemelding.

Tilskotsordninga er ein viktig del av arbeidet med å ta vare på kulturarven i Vestland. Fylkesdirektør Per Morten Ekerhovd håpar no på mange søknader.

– På denne måten kan vi sikre at vi får sett i stand og halde ved like eit stort mangfald verdifulle kulturminne i Vestland, seier han. Fleire av tilskota har søknadsfrist 1. november.

(©NPK)