Ingen skiskyttaropning på Sjusjøen

Sjusjøen: Det blir ingen sesongopning på Sjusjøen for Johannes Thingnes Bø (t.v.), Tarjei Bø og dei øvrige skiskyttarane i år.  Foto: Ragnar Singsaas

Nyhende

Det blir ingen sesongstart for skiskyttarane på Sjusjøen 13.-15. november som planlagt. Dette grunna Ringsaker kommune sine lokale anbefalingar om å ikkje arrangere større arrangement som følge av situasjonen rundt covid-19.

Norges Skiskytterforbund prøver i staden å finne ein alternativ arena, skriv Norges Skiskyttarforbund i ei pressemelding.

– Viktigheita av å halde folk friske overgår alt anna i tida vi er inne i no. I lys av situasjonen vi er inne i og arbeidet for å redusere smittevernomfanget, har kommuneoverlegen i Ringsaker saman med arrangør og rennlege, gjort ei grundig vurdering og beslutta at det mest forsvarlege er å ikkje sleppe opp for eit så stort idrettsarrangement i kommunen no. Det stiller vi oss sjølvsagt bak, fortel president i Norges Skiskytterforbund, Arne Horten.

Norges Skiskytterforbund prøver no å finne ein alternativ arena med ein annan lokal smittesituasjon, som har mulegheit til å arrangere skiskyttarane sin sesongstart 13. – 15. november på ein trygg og smittevernmessig forsvarleg måte.