Stryn har feia all motstand av bana:

– Eg er imponert over engasjementet

Stryn fotball sitt U20-lag for gutar har feia all motstand til sides, og søndag vart dei KM-vinnarar. Noko av det som imponerer trenar Øystein Hesjedal er engasjementet rundt Stryn sine juniorlag denne spesielle sesongen.

Jubel: Stryn har vore utilnærmelege denne sesongen, og laget har tidvis spelt festfotball framfor eit talrikt publikum heime på Stryn stadion.   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

«Koronasesongen 2020» enda med jubel for gutane, med fem strake og overbevisande sigrar i innleiande rundar, og full pott i det som var 1. divisjon i haust.