Norges Skiskyttarforbund:

Avlyser sesongstarten

Trass iherdig innsats for å stable eit alternativt arrangement på beina, har Norges Skiskyttarforbund valt å avlyse årets sesongstart.

Avlyst Norges Skiskyttarforbund har avlyst sesongstarten for Johannes Thingnes Bø (t.v.), Tarjei Bø og resten av skiskyttarane.  Foto: Ragnar Singsaas

Nyhende

Det skriv skiskyttarforbundet i ei pressemeldig torsdag.

– Sesongstarten er svært viktig for skiskyttar-Norge. Difor er det med tungt hjarte at vi no vel å avlyse årets arrangement. Det har blitt lagt ned ein enorm innsats frå alle ledd for å få på plass ei alternativ løysing, men i lys av dei siste retningslinjene frå nasjonalt hald, meiner vi ikkje det er forsvarleg å arrangere dette arrangementet no, fortel generalsekretær i Norges Skiskyttarforbund, Morten Djupvik.


Måtte avlyse skiskyttarstarten på Sjusjøen:

– Ser etter alternativ


Sesongstarten skulle opphavleg gått på Sjusjøen 13. – 15. november, men etter eit større lokalt utbrot av Covid-19 vart det beslutta at det ikkje var riktig å invitere til arrangement i Ringsaker kommune.

Ei rekkje andre alternativ vart deretter diskutert, der Trysil var det mest aktuelle med tanke på smittesituasjon, kapasitet på arena, arrangørstab og logistikk. Nøkkelpersonell frå arrangørstaben på Sjusjøen sa seg også villige til å bidra.

– Alle involverte har vore svært løysingsorienterte og imøtekomande. No er likevel fokuset å bidra i dugnaden for å forhindre ytterlegare smittespreiing både lokalt og nasjonalt. Folk si helse vil alltid kome i første rekkje for oss, fortel Djupvik i Norges Skiskyttarforbund.