Ingen lokalhandball denne helga

Pause: All regional kampaktivitet er lagt på is fram til og med 10. november.  Foto: Roy Aron Myklebust (illustrasjon)

Nyhende

Norges Håndballforbund har vedteke å fryse all regional kampaktivitet til og med 10. november. Dette grunna situasjonen rundt Covid-19.

- Det midlertidige vedtaket trer i kraft frå og med fredag 6. november, og gjeld alle kampar som skulle vore avvikla i regi av Norges Håndballforbund sine regionar (i praksis barne- og ungdomshandballen) fram til og med 10. november, skriv forbundet på sine nettsider.

Fleire kampar skulle etter planen ha blitt spelt i Strynehallen denne helga.