Nordfjord Kjøtt med 499 tilsette:

Har maksimalt fokus på smittevern

Med 499 tilsette og koronautbrot i Europa og store delar av Norge, har Nordfjord Kjøtt i Loen særs stort fokus på smittevern. Personalsjef Rita Eikenæs rosar samarbeidet med smittevernkontoret i Stryn.

Ingen adgang: Personalsjef Rita Eikenæs ved Nordfjord Kjøtt fortel om strenge smitteverntiltak og godt samarbeid med smittevernkontoret i Sttryn kommune. Ingen andre enn tilsette slepp inn ved Nordfjord Kjøtt.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Vi gjer maksimalt ut av det vi kan, for å sikre oss sjølv som leverandør av mat til innbyggjarane i landet. Til no har det gått fint. Så er vi og heilt konsekvente på å følgje reglane, seier Eikenæs.