Smittevernlegen: – Stort ansvar på bedriftene - gledeleg å sjå at dei tek det på alvor

Koronasmitten aukar i heile landet. Også lokalt har det vore fleire smittetilfelle i det siste, samtlege etter at vedkomande har vore på reise i «raudt land». – Det kviler eit stort ansvar på bedriftene, og det er gledeleg å sjå at dei tek det på største alvor, seier kommuneoverlege Marius Solbakken.

Endå viktigare: – Både bedrifseigarar og privatpersonar må no tenke veldig godt igjennom i kva grad ein skal drive reiseverksemd, også innan landegrensene. Dette er eit endå viktigare spørsmål no enn for eit par månadar sidan, seier Marius Solbakken, kommuneoverlege og smittevernlege i Stryn kommune, som rosar lokale verksemder for å ta informasjonsbehovet til utandlandsk arbeidskraft på alvor. 

Nyhende

Stryn har hatt fem tilfelle med personar som har testa positivt for Covid-19 siste månaden. Alle har vore på reise i «raudt land».