Lokalsport og ein tidlegare målsnik i Sport & Spaß

Nyhende

Det er klart for ei ny utgåve av lokalsportmagasinet Sport & Spaß på Radio Stryn i kveld.

Oskar Raftevold frå Innvik spelar volleyball for Førde, og i helga spelar klubben kvartfinale i cupen. Vi tek ein prat med Oskar og høyrer om korleis stoda er.

Olivia Vollsnes Wemby og Stryn U20 vart KM-vinnarar i fotball nyleg. Vi høyrer med kapteinen om sesongen som nyleg er ferdigspelt.

Skiskyttar Oskar Guddal Breivik gjestar studio saman med far og "manager" Torstein Breivik. Er formen i anmarsj før vinteren kjem, og treff far med skismørjinga kvar gong? Det får du svar på i kveldens sending.

Karl Ludvik Daae er kveldens blodfan. Han har også ei fortid som målsnik for Stryn sitt A-lag i fotball.