Spenstig dans og høge spark på Fjelli

Tretten ungdommar baud på spenstig dans og høge hattespark i Fjellvarden i helga.

God stemning: God stemning på dansegolvet!  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Sprekt: Kruking må til i hallingdans! Runar og Bjørnar Tufte Heimlid i full sving, t.v. instruktør Martin Myhr.  Foto: Gunnhild Sindre

Den tradisjonelle Fjelljom-festivalen måtte avlysast grunna smittevernrestriksjonar i år, men spelemannslaget Fjelljom har i staden avvikla tre kurshelgar på rad: Songkurs med Malin Alander, trekkspelkurs med Håvard Svendsrud og no i helga hallingkurs med sju gongar landskappleikvinnar Martin Myhr.

Her går det så det susar: Ingunn Bergset, Telma Nyberg, Hanne Louise Ulvedal, Martin Myhr, Rubina Podgorski og Runar Tøfte Heimlid dansar halling i Fjellvarden.  Foto: Gunnhild Sindre

Tretten ungdommar øvde steg, hattespark og «godkarstykkje» av akrobatisk art i ungdomshuset på Fjelli.