Tarjei vann testløp på Sjusjøen

Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø.  Foto: NSSF (arkiv)

Nyhende

Tarjei Bø gjekk til topps i eit testløp i skiskyting sprint på Sjusjøen måndag.

Tarjei skaut feilfritt og vann 13 sekund føre Johannes Thingnes Bø, med Vetle Sjaastad Christiansen på tredjeplass.

– Eg er veldig fornøgd med skytinga. No har eg roen inn mot World Cup-starten! Det er alltid godt å vinne. Blir aldri lei det, uttalte Tarjei Bø til skiskyttarforbundet etter sigeren.

Første verdscuprunde går av stabelen i Finland i slutten av månaden.