Departementet gjev 4,4 mill til prosjekt leia av Nordfjordakademiet

Eit prosjekt som skal vere med og sikre lokale verksemder nødvendig kompetanse i framtida er tildelt 4,4 millionar kroner frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Kompetansepilot for Nordfjord vert leia frå Stryn.

Kjekt: – Det er veldig kjekt at Nordfjord er valt for denne kompetansepiloten, som er ein del av eit nasjonalt prosjekt, seier Tonje Bjerkan, leiar for Nordfjordakademiet. 

Målet er å få til eit system som aukar kompetansen hos tilsette og som dermed også aukar konkurranseevna til dei lokale bedriftene i framtida

Tonje Bjerkan, prosjektleiar
Nyhende

Det er Nordfjordakademiet som skal leie skal leie prosjektet der Fagskolen i Sogn og Fjordane også har ei sentral rolle.