LEIAR:

Det ikkje er forsvarleg å betale store summar i prosjekt ein ikkje veit om nokon gong vil bli realiserte

Animasjon: Bru over Voldsfjorden.  Foto: Teikning: Voldsfjordkryssing

Politikarane kan ikkje løyve ei krone meir til bruprosjekta, før det ligg føre klare forskotteringsavtaler

Nyhende

Arbeidet med å realisere to bruer over Voldsfjorden kan bli ei kommunal kostnadsbombe for Volda kommune. Selskapet som jobbar med bruprosjektet sender med jamne mellomrom søknader til kommunen om økonomiske bidrag. Siste søknaden frå Voldsfjordkryssing AS er på «berre» 500.000 kroner, for «naudsynt prosjektframdrift».