Mykje regn onsdag, snø torsdag:

NVE varslar fare for jord- og flaumskred

NVE har sendt ut varsel om jord og flaumskred i samband med at det er venta store nedbørsmengder onsdag.  Foto: Yr.no

Nyhende

Mykje regn onsdag, varsel om snø torsdag

Fylkesberedskapssjefen har sendt ut melding til kommunane, etter at NVE har varsla jord- og flaumskredfare på oransje nivå for heile Vestland fylke frå onsdag morgon til torsdag morgon. Meteorologisk Institutt varslar mykje regn og gult nivå i Fjordane frå onsdag kl 09.00 på morgonen til seint torsdag kveld. Utover torsdag er det venta kaldare ver. Nedbøren vil gå over til snø, og det kan kome ein god del snø heilt ned i fjøresteinane.

Fylkesmannen oppmodar kommunane om å etablere kontakt med politiet lokalt, for å gjere vurderingar av moglege konsekvensar og utveksle kontaktinformasjon.