Ber folk vente med besøk

Stryn omsorgssenter.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Stryn kommune oppmodar no folk til å vente med å besøke bebuarar på omsorgssentera i kommunen. Det blir heller ikkje muleg å ta bebuarar ut av institusjonane. Årsaka er auka smittetrykk i området.

- Stryn og Vikane omsorgssenter vil, etter auka smittepress i området, orientere om at det ikkje vert muleg å ta bebuar ut av institusjonen. Vi oppmodar om å avvente besøk på institusjonane til over helga. Vi håpar vi har ein avklart situasjon over helga og kan gjenopprette besøksordning ved omsorgssentera, seier einingsleiarane Siw Vangen i Stryn og Grethe Hilde i Innvik.