Ber om skilt ved barnehagen som ligg rett ved fv 60

Stryn kommune søkjer fylkeskommunen om skilting ved Utvik barnehage.

Skilt: Stryn kommune ber om skilt ved Utvik barnehage, som ligg i sentrum, rett ved fv 60.  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Bakgrunnen for søknaden er innspel frå rektor/styrar ved Vikane skule og barnehage til Kommunedelplan for trafikktryggleik. Der vert det peika på at det i dag ikkje finst skilt som indikerer at ein passerer ein barnehage i Utvik sentrum.