Må ta snarleg avgjerd om plassering av brannstasjon likevel:

Blir det Innvik eller Utvik?

Utsetjinga i saka om plassering av brannstasjonar varte berre halvannan månad.

Utvik: I 2010 vart det bygd ny garasje for brannbilen i Sjøatunet i Utvik. Ordninga stettar ikkje dagens krav, heller ikkje i Olden. Det hastar no med ei avklaring på kvar brannstasjonane skal plasserast i framtida, dersom ein skal unngå mulkt frå Arbeidstilsynet.  Foto: Arkiv/Ove Sveen

Nyhende

Etter mykje fram og tilbake i saka om plassering av brannstasjon på strekninga Loen -Tistam, vart det til slutt bestemt å utsetje avgjerda eit halvt år då formannskapet hadde saka til handsaming i oktober. Det vart derimot teke med i vedtaket at dersom det skulle kome til informasjon som vil ha vesentleg økonomisk konsekvens, skal saka fremjast for formannskapet på nytt.