Koronaen stoppa all aktivitet:

- Dette er kjærkomne midlar for turngruppa i Stryn

Stryn Turn er inne i ei vanskeleg tid med ingen aktivitet. 75.000 kroner frå Sparebanken Vest sitt koronafond hjelper på.

Delte ut midlar i basishallen som snart står ferdig: F.v. Lisbeth Mikkelsen, Siri Merete Fure og Målfrid R. Sæten frå Sparebanken Vest saman med leiar i Stryn Turn, Arve Aaning. Bak f.v. Ingrid Vik, Lisbet Nedreberg, Lena Sandbakk Kjøsnes og Arnt Magne Fredheim.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Ja, dette er særs gledeleg, og vi takkar for kjærkomne midlar seier leiar i Stryn Turn, Arve Aaning. Han fortel at det for tida er ingen aktivitet i turngruppa grunna koronaen. Turngruppa skulle også arrangert barneturnstemne med godt over 1.000 deltakarar i år men måtte avlyse, og store inntekter gjekk tapt.