13 vil bli sjukepleiar ved legekontoret i Stryn:

Her er søkjarlista

Stryn kommune har motteke 13 søknadar på ei 100 prosent stilling som sjukepleiar ved legekontoret.

Sjukepleiar: Det er lyst ut stilling som sjukepleiar ved legekontoret i Stryn. Stillinga vil i første omgang nyttast til smittevernarbeid.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Stillinga er den første sjukepleiarstillinga på legekontoret, og vil i første omgang nyttast til smittevernarbeid. Hovudoppgåver vil vere smitteførebyggjande tiltak og arbeid innan TISK (testing, isolering, smittesporing og karantene). Dette vil seie å jobbe systematisk med å halde eventuell smittespreiing lågt, og ha kontroll på smittespreiing i kommunen.