Volda formannskap vil støtte søknad frå Voldsfjordkryssing:

Løyvde midlar, med vilkår

Formannskapet vil støtte Voldsfjordkryssing, men treng framleis meir avklaring.

Orienterte – Det er svært sannsynleg at vegen frå Folkestad over Stigedalen vert nedklassifisert til fylkesvegsamband når indre trase på E39 vert ferdig. Då vil det utløyse ferjeavløysingsmidlar for 45 år, sa styreleiar i Voldsfjordkryssing AS, Ola Krumsvik (th) orienterte formannskapet tysdag.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Planlegginga av Voldsfjordkryssinga og Dalsfjordsambandet har gått sin gang ved hjelp av klattvise løyvingar frå Volda kommune. Kommunestyret har undervegs reist spørsmål om finansieringsgrunnlaget med ferjeavløysingspengar.