Nye koronatilfelle i Stryn og Volda

Ein person i Stryn og to i Volda kommune fått påvist koronasmitte siste døgn.

Stryn kommune melder om eit nytt koronatilfelle i kommunen.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Tysdag kveld fekk Stryn kommune ei melding om eit nytt smittetilfelle av Covid-19.

Personen har vore i karantene sidan laurdag fordi vedkomande vart definert som nærkontakt til ein smitta person i Stad kommune. Nærkontakter til den smitta personen i Stryn er i karantene og vil bli testa. Kommuneoverlegane i Stryn og Stad samarbeider i handteringa av smittetilfellet, opplyser kommunen.

- Dette er ei viktig påminning om kor lett smitta spreier seg, spesielt innandørs. Dei neste vekene er det spesielt viktig at alle gjer det dei kan for å ha få nærkontakter særskilt innandørs, seier kommuneoverlege Marius Solbakken.

Oversikt over tilfelle av Covid-19 Stryn kommune:
November: 1 tilfelle
Oktober: 7 tilfelle
September: 1 tilfelle
Juni: 1 tilfelle
Mars: 12 tilfelle


– Riskioen for smitteutbrot lokalt er større enn på mange månadar

– Det er mykje koronasmitte i regionar nær oss no, så det er viktig å preseisere at vi har eit ansvar, kvar enkelt. Ikkje berre reise, men også all aktivitet lokalt, har betydning for kva smitterisiko vi får i strynesamfunnet, seier kommuneoverlege Marius Solbakken.



Volda kommune fekk i går kveld melding om to nye positive koronaprøver. Ingen av desse er knytt til utbrotet i kommunen, og den eine personen har ukjent smittekilde. Alle nærkontaktar er varsla, men smittesporinga vil halde fram i håp om at vi finn kjelda. 13 nærkontaktar er sette i karantene, opplyser kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol.

- Nærkontaktane vil bli testa, og vi kjem tilbake med meir informasjon når resultata av desse prøvene er klare. Det vil tidlegast skje på kvelden torsdag melder kommuneoverleg Kaldhol.

Ingen av dei smitta er tilsett i kommunen.

Smitteoppsporingsteamet i Volda og Ørsta minne alle på at om du får luftvegssymptom, må du halde deg heime og avtale test med teststasjonen.

- Dette er heilt naudsynt, sjølv om du trur du berre er litt forkjøla. For mange kan koronasjukdom vere nettopp det, som ei forkjøling.