Smitta frå Stryn, Volda og Stad stammar frå same Bergensreise

Ein person som har vore i Bergen viste seg å vere kjelda for smitte av tre personar i Stad, ein i Stryn og ein i Volda kommune.

- Dette er ei viktig påminning om kor lett smitta spreier seg, spesielt innandørs. Dei neste vekene er det spesielt viktig at alle gjer det dei kan for å ha få nærkontakter, særskilt innandørs, seier kommuneoverlege Marius Solbakken.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

(Sunnmørsposten) Sidan helga har Stad kommune jobba aktivt med smittesporing kring fleire tilfelle av koronasmitte. No er smittevegen funnen.